Vårt nye Rotarymedlemm Ingunn Røyset heldt ein spennande presentasjon av boka si Brevet frå krigen.
(Samlaget,
2017)
Boka er ei sakprosabok for ungdom og bygger på verkelege hendingar frå andre verdskrigen.
Hovudpersonen er Jorun Emilie Waage, som fortel korleis det var å vekse opp i eit okkupert land.
Jorun var 12 år då krigen starta og budde på ei lita øy i Oslofjorden. Etter
krigen gifta Jorun seg med Peder Fritz Waage og flytta til Ulsteinvik. Jorun har
i dag blitt 91 år, og var med forfattaren på møtet. Ho skildra med eigne ord
korleis det opplevdest å sjå Donau legge frå kai med dei norske jødane 26.
november 1942. Og korleis fredsdagane i mai 45 føltest for ei ung jente som i
fem år hadde frykta at heimen hennar skulle bli bomba, der han låg på Lindøya,
tett inn til sentrum av hovudstaden. Boka Brevet frå krigen er kjøpt inn
gjennom den statlege innkjøpsordninga og er å finne i alle biblioteka i
landet.
Ingunn Røyset er
forfattar av yrke. Ho vart i 2014 medlem av NBU (Forfattarforeininga for norske
barne- og ungdomsbokforfattarar) og har gitt ut fem bøker:
- Fiskelykke (Barnebok, Samlaget, 2018)
-
Brevet frå krigen (Ungdomsbok, Samlaget, 2017)
-
Aldri fred å få (Barnebok, Samlaget, 2015)
-
Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen (Barnebok, Samlaget, 2014)
-
Prins Storm (Barnebok, Samlaget, 2013)
I tillegg er ho
representert i ein antologi med 18 andre forfattarar frå Møre og Romsdal gitt ut
i høve Bokåret i 2019. Ho underviser elles i skrivekunst for barn- og unge og
reiser rundt i heile landet med Den kulturelle skulesekken.
Frå 2018 har ho site
i Det litterære råd i NBU.
Dei første 11 sidene av "Brevet frå krigen" kan leses her: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/brevet_fra___krigen/10