Ingunn Røyset heldt ein presentasjon av boka si "Brevet frå krigen"

Ingunn Røyset er forfattar av yrke. Ho vart i 2014 medlem av NBU (Forfattarforeininga for norske barne- og ungdomsbokforfattarar) og har gitt ut fem bøker:
- Fiskelykke (Barnebok, Samlaget, 2018)
- Brevet frå krigen (Ungdomsbok, Samlaget, 2017)
- Aldri fred å få (Barnebok, Samlaget, 2015)
- Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen (Barnebok, Samlaget, 2014)
- Prins Storm (Barnebok, Samlaget, 2013)
I tillegg er ho representert i ein antologi med 18 andre forfattarar frå Møre og Romsdal gitt ut i høve Bokåret i 2019. Ho underviser elles i skrivekunst for barn- og unge og reiser rundt i heile landet med Den kulturelle skulesekken.
Frå 2018 har ho site i Det litterære råd i NBU.
Dei første 11 sidene av "Brevet frå krigen" kan leses her: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/brevet_fra___krigen/10


2. september 2019
Kaffemøte med informasjon fra presidenten.
Informasjon fra styremøte, presentasjon av årets styre og dei ulike komiteene.
26. august 2019
Ronny Osnes - Landslagstrener for J19
Eit framifrå foredrag om sin karriere som keepertrener, og hans syn på trenar-rolla.
20. august 2019
The Impossible Is Calling: Rotary + IEP
Det er inngått partnerskap mellom Rotary International og Institute for Economics and Peace.
19. august 2019
Første møte i Rotary-Året 2019/2020
President Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om aktivitetar utover hausten.
Et høydepunkt for klubben vil være avdukingen av Hødd-monumentet, seinast i oktober 2019!
12. august 2019
Denne gjengen startet Rotaryåret litt på forskudd med dyrebar transport av rør til Hødd-monumentet
Vi gler oss til å sjå monumentet ferdig iløpet av høsten 2019!
24. juni 2019
Presidentskifte 2019/2020
Ulstein Rotaryklubb takkar avtroppande President
Finn-Ove Kvalsvik for den flotte innsatsen og ynskjer
innkomande President Bjørn Gunnar Tafjord lykke til.
17. juni 2019
Kaffemøte med informasjon rundt Høddmonumentet
Det pågår fortsatt proseess med å få fullfinansiert Høddmonumentet før man kan sette igang bestilling.
3. juni 2019
Bedriftsbesøk: Ko&Ko AS
Intercity Herøy & Ulstein.
Vi var så heldige å få presentasjon og omvisning på Ko&Ko AS sine nye fantastiske lokaler på Mjølstadneset i Herøy.
27. mai 2019
Dugnad på Lisjevanthuken
Sluddbyger i lufta, men kaffi pølse og brød gav god stemning i dugnadsgjengen.
20. mai 2019
Kaffemøte med info fra PETS - Åpen presentasjon.
Lidun Hareide og Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om PETS lederseminar på Dombås.