President i Ulstein Rotary - Bjørn Gunnar Tafjord takkar Idar Flø for et svært spanande foredrag!
Idar Flø Idar Flø frå Norwegian Centre of Maritime Communication (NCMC) fortalte om ei spanande teknologireise frå 1992 fram til i dag. Reisa starta i Ship Equip, ei teknologibedrift som satsa på TV til båt, og som leverte stort sett det som var av TV til skip. Dei var dei første som leverte tovegsinformasjon basert på satellitt. Den mest prominente kunden var Kong Harald, som skulle til Spania og segle regatta, og trengte verinformasjon. Dette selskapet vart selt i 2005, og i 2011 vart det selt vidare til Inmarsat.
16.4.1999 skulle Idar fikse noko om bord i ein båt på Skarbøvik Slipp, fall 15 meter ned, og vart funnen flytande i vatnet med andletet ned. Dramatikken var ikkje over med dette, Flø var også om bord under brannen om bord i hurtigruta Nordlys. Eit brannoljerør hadde rista laust, og utløyste ein veldig konsentrert og intens brann. Brannen var dramatisk, to personar døde, og skipet heldt på å velte. Passasjerane gjekk i livbåtane like ved Ålesund. Etter dette vart det utvikla ein ny standard for kommunikasjon for hurtigrutene, og Flø leverte varslingssystem og alarmsystem for ca. 10 millionar kroner.
NCMC sitt hovudprodukt er SEA ERN, eit kommunikasjonskonsept som skal ivareta alle kommunikasjonsutfordringar som finst ombord i et moderne skip. For å få eit optimalt samband, koblar ein saman VSAT, FleetBroadband, Iridium Pilot, ICE and GSM Data. Sambandet kan nyttast til ei rekkje kommunikasjonsføremål, som vist på plansjen.
Eit av produkta til NCMC er SEA EARN video &medic solution, som i følgje Flø er den einaste telemedisinløysinga som fungerer over lavare satellittbandbreidde. Produktet er utvikla i samarbeid med Radio Medico ved Haukeland sjukehus, og tillet videoløysing der medisinsk personell på land kan guide båten sin medic både med diagnostisering og i medisinske prosedyrer. I tillegg leverer firmaet utstyr for intern og ekstern kommunikasjon på fiskefartøy. Til dømes har dei til Rav (Peder Hempsø) levert eit system kalla «virtuel window», der strategisk plassserte kamera gjer at ein frå brua har kontroll med alle viktige operasjonar som foregår. Rav har heile 52 kamera plassert rundt om på båten.
NCMC samarbeider
også med Sintef om innsamling av data frå fiskeflåten for meir effektiv fangst
og betre bestandsestimering gjennom SEA ERN Ocean Intel: intelligent Ocean
resource Monitoring. Dette produktet gir ei oversikt over resursane i havet i
sanntid, gjennom å bruke data frå samtlege norske fiskebåtar heilt ned til 11
meter. Det finst 1124 båtar i Norge som kan vere med i konseptet. Prosjektet lagar
ein fiskeriportal der ein ser all aktivitet frå alle båtane i sanntid. Systemet
kan også nyttast til å måle mikroplast og miljøgifter i havet – og til å lage
ein lage ein kunnskapsbase. No skal det lagast ein kunnskapsbase for heile
Nordatlanteren, og ei demonstrasjonsløysing
til ESA.
28. februar 2022
Vi var i dag så heldige å få besøke Ålesund Kunnskapspark.
14. februar 2022
Kjell Olav Kleppe er RIB båtførar og viste flotte bilder frå turane sine.
Rune Garen heldt 10 min om statistikkens viderverdigheter med ei god humoristisk vinkling.
7. februar 2022
CEO Håvard Haanes ENTEC Group presenterte bedrifta i Saunesmarka.
Lærerikt foredrag om produksjon og utvikling av tankar, vinsjar.
31. januar 2022
Kjersti Kleven med flott presentasjon av Skaparhuset, og planene fremover
10. januar 2022
En særs interessant kveld om Innovasjon Norge sitt arbeid lokalt, nasjonalt og globalt.
13. desember 2021
Årsmøtet gjekk strålande med gode presentasjonar og resultat.
President Thor Martin Eidem kunne vidare orientere om at Lidun Hareide er nominert til Distriktsguvernør 24/25
Med seg får ho Synnøve Riise som Executive Secretary.
30. november 2021
Steinar Hauge og Ivar Driveklepp frå Tussa IKT presenterte bedriften og den fantastiske utviklinga gjennom 20 år, der Sunnmøre blant annet har fått en rekordstor fiberdekning.
22. november 2021
Kystverket Direktør Einar Vik Arset heldt eit gjevande og interessant foredrag om
Kystverket sitt arbeid og planar for framtida.