Web Analytics Made Easy - StatCounter

Den maritime klynga. Quo vadis?


Dagleg leiar i MAFOSS Jan Thormodsæter (t.h.) heldt et interessant foredrag som virkelig engasjerte medlemmene til oppfølgingspørsmål og diskusjoner.

Foredrag av Jan Tormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS (Maritim Forening for Søre Sunnmøre) 14.10.2019 –verdsleiande maritim høgteknologi

Den maritime klynga. Quo vadis?

MAFOSS, Maritim Foreining for Søre Sunnmøre (tidlegare Verkstedforeninga) vart skipa i 1969 som ei interesseforeining for skipsindustrien på ytre søre Sunnmøre. I år fyller foreininga 50 år i år og har i desse åra engasjert seg i mange ulike prosjekt, noko som gjer at spennet i fokus har vorte vidt. Jubileumsåret skal brukast på ei strategirunde, og 50-årsfeirina vert markert med ein seminardag og ein festkveld.

Målet til MAFOSS er å styrke samhaldet internt i den maritime klynga, og utad snakke næringa si sak. «Vi skal samarbeide når vi kan og konkurrere når vi må» sa initiativtakar Idar Ulstein, og noko av styrken er at medlemmane snakkar godt saman. Mafoss har i dag om lag 45 medlemsbedrifter, der 25 er lokaliserte i Ulstein kommune, og resten på Søre Sunnmøre. MAFOSS har fem fagutval innan Forsking og utvikling, personal,HMS, opplæring og logistikk og produksjon. 

I følgje heimesida jobbar MAFOSS  med politisk påverknad innan samferdsel og utdanning, samt som aktiv fasilitator av ulikt nettverksarbeid innan den maritime næringa på Sunnmøre. MAFOSS leverer alle typer kurs til medlemane, og er på vegner av klynga, tett på det politiske miljøet i fylket innan næring, utdanning og samferdsel.

Innanfor samferdsel kjempar MAFOSS for Hafast, fordi dei ønskjer ein døgnopen region. Dei har jobba i ei årrekkje for å få ei tredjeferje på Hareid-Sulesund, og for betre løysingar på hurtigbåtane som representerer ein stor stressfaktor for alle.  Dei kjempar for betre flyforbindelsar over Hovden, for sjølv om ikkje Avinor tenar pengar på det, må ein oppretthalde samferdsel. Foreininga protesterer også på at takstregimet på ferjer representerer ein voldsom auke i kost for transport til og frå regionen. MAFOSS er representert i interimstyret for RV15 Strynefjellet, for her trengst nye tunellar for å få heilårsopen veg for å få produkt fram.  Ytre Søre Sunnmøre må dekkjast optimalt, for den ekte verdiskapinga i Norge foregår på Sunnmøre. Aksen Vanylven – Ulstein, Hareid : omsette på det meste for ein milliard i veka.  Den årlege veksten låg på 14%. Under oljekrisa låg på det meste 160 båtar i opplag i Norge, men situasjonen har har løsna litt no., og mange små og mellomstore verksemder i maritim industri som gjer det overraskande godt. 

Referat av Lidun Hareide/Sekretær

Link til fullt møtereferat (for medlemmer)







 
Byggingen er i gang!

28. august 2017

Byggingen er i gang!

Da er vi i gang med å sette opp Bugardshuken, dette blir spennende!

Ulstein Mannskor

15. november 2015

Ulstein Mannskor

Vi fekk både flott song og sjå historiske bilder frå Ulstein Mannskor.
Video: Jan Einar Saunes

Besøk hos Grim og Gryt Økobryggeri

5. januar 2015

Besøk hos Grim og Gryt Økobryggeri

Lærerikt og gode smaksprøver.
Video: Jan Einar Saunes

På besøk hos Hareid Rotaryklubb

2. juni 2014

På besøk hos Hareid Rotaryklubb

Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes

Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!

27. oktober 2012

Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!

Bilder: Njål Vikanes

Fjelltur til Muldalen

25. september 2011

Fjelltur til Muldalen

Video: Jan Einar Saunes

Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet

28. juni 2010

Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet

Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes

Krabbefest i Eiksund

7. september 2007

Krabbefest i Eiksund

Foto: Njål Vikanes

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

27. juni 2005

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

Bilder: Njål Vikanes

Rotarytur til Trandal

9. mai 2002

Rotarytur til Trandal

Bilder: Njål Vikanes

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...