Web Analytics Made Easy - StatCounter

Kunstnaren Guttorm Osnes

Guttorm Osnes besøkte Ulstein Rotaryklubb, og holdt et svært interessant foredrag om sin kunstutdanning og karriere. Vi ble alle utrolig imponert over bilda han viste frem!

Guttorm «Gutte» Osnes om eit liv med teikning

For Guttorm Osnes har mykje av livet handla om teikning. 

Han har kjære minne om teikning med bestefaren, Petter Ludvig, var så flink til å teikne hestar.  Guttorm sjølv streva med å få til hovane. Han hadde ikkje tolmod, likte best strekteikningane, og ikkje minst likte han merksemda teikninga førte med seg.  

Teikninga har gitt meg mange store opplevingar, seier Guttorm. På barneskulen teikna han seg gjennom dei fleste timane. Han byrja å teikne for Vikebladet, og selde si første teikning til Teateret Vårt. 

Det lokale førebiletet hans var Einar Magne Flø, som ga han følgjande råd: - Teikn alt du kan, men det er vanskeleg å leve av det. Dette vart også Guttorm si erfaring. Sjølv om oppdraga kom; fane for Ten-Sing, strekteikningar til 17.mai-avisa, teiknejobb i Vikebladet, og teikneoppdrag i militæret, var det på trykkeriet i Vikebladet han fekk fast jobb. Vegen gjekk så vidare til desken i Se og Hør, der han lærte å teikne lay-out på tynt papir, og brått hadde 15 år gått utan fri teikning. 

Så ein dag fekk han teiknepapir i presang av systera Linn, og då han ramma inn nokre av teikningane, foreslo innehavaren av rammebutikken ei utstilling. Ballen tok til å rulle, og teikninga var igjen ein viktig del av livet hans. 

I 2009 flytta Guttorm tilbake til Ulsteinvik, og fekk i oppdrag av Line Urke å teikne ei side til Regionavisa kvar veke. I tillegg tok han på seg oppdrag. 

Paddene ved Kvivsvegen som hadde fått eigen tunnell vart foreviga samen med ei Citroën-padde, ei teikning som både Statens Vegvesen og Norsk Citroën-klubb ønskte seg. Han teikna Odd Nordstoga og «grisen står og hyler», og Vamp på utekonsert på Flø, alt medan han jobba med deskarbeid i Regionavisa. 

Den store endringa i livet kom då Guttorm kom inn på Florence Academy of Art i Göteborg, der kun 27 elevar fekk praktisk opplæring i klassisk malekunst. Det første året handla utelukkande om blyantteikning, der ein kunne bruke 100 timar på å kopiere teikningar av gipsfigurar. Her trudde Guttorm at han hadde ein fordel sidan han hadde teikna så mykje før, men opplevde at han måtte lære alt på nytt. Neste år teikna dei med kolstift på mjukt papir, og først tredje fekk dei prøve seg med penslar og oljemaling. Dette året valte Guttorm å ta ved avdelinga i Firenze, og her vart han kunstnar med diplom. 

Han syntest det var trist at dei tre åra på kunstskulen tok slutt, men malarkunsten vil han aldri legge vekk, og han lever no av biletkunsten. 

Rundt 20 bilete sel han kvart år, både portrett, landskap og stilleben, og har no eit mål om å samle alle dei 25 norske som har gått på Florence Academy til fellesutstillinga «Norske Firenzekunstnarar». 

Ein kort diskusjon kring det evige spørsmålet «Kva er god kunst» avslutta Guttorm si vitjing i Ulstein Rotaryklubb, og også her har Guttorm gode refleksjonar. «Det store spørsmålet er kva slags kunstnar du ønskjer å vere. Eg har valt å gå inn i ein skule der ein lærer å male på same måten ein lærte å male på tidleg på 1900 talet. Eg meiner at klassisk malekunst er på veg tilbake.» 

Ulstein Rotaryklubb takkar Guttorm Osnes for ein spanande og lærerik kveld, og ønskjer han til lykke med planlegginga av utstillinga «Norske Firenzekunstnarar». 

President Bjørn Gunnar Tafjord overrakte en velfortjent blomsterhilsen til Guttorm Osnes etter det flotte foredraget

Referat: Lidun Hareide - sekretær

 
Besøk hos ÅKP i Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK)

28. februar 2022

Besøk hos ÅKP i Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK)

Vi var i dag så heldige å få besøke Ålesund Kunnskapspark.

RIB Turisme og Statistikk

14. februar 2022

RIB Turisme og Statistikk

Kjell Olav Kleppe er RIB båtførar og viste flotte bilder frå turane sine.
Rune Garen heldt 10 min om statistikkens viderverdigheter med ei god humoristisk vinkling.

Bedriftsbesøk ENTEC Group

7. februar 2022

Bedriftsbesøk ENTEC Group

CEO Håvard Haanes ENTEC Group presenterte bedrifta i Saunesmarka.
Lærerikt foredrag om produksjon og utvikling av tankar, vinsjar.

Besøk på Skaparhuset

31. januar 2022

Besøk på Skaparhuset

Kjersti Kleven med flott presentasjon av Skaparhuset, og planene fremover

Kaffimøte

17. januar 2022

Kaffimøte

Kaffimøte med informasjon om SPOND

Helge Gjerde frå Innovasjon Norge

10. januar 2022

Helge Gjerde frå Innovasjon Norge

En særs interessant kveld om Innovasjon Norge sitt arbeid lokalt, nasjonalt og globalt.

Årsmøte 2020/2021

13. desember 2021

Årsmøte 2020/2021

Årsmøtet gjekk strålande med gode presentasjonar og resultat.
President Thor Martin Eidem kunne vidare orientere om at Lidun Hareide er nominert til Distriktsguvernør 24/25
Med seg får ho Synnøve Riise som Executive Secretary.

Oceantec AS

6. desember 2021

Oceantec AS

Bedriftsbesøk med eigarane Elisabeth Tuvnes og Ronny Kristiansen

TUSSA IKT

30. november 2021

TUSSA IKT

Steinar Hauge og Ivar Driveklepp frå Tussa IKT presenterte bedriften og den fantastiske utviklinga gjennom 20 år, der Sunnmøre blant annet har fått en rekordstor fiberdekning.

Forefrag av Direktør i Kystverket - Einar Vik Arset

22. november 2021

Forefrag av Direktør i Kystverket - Einar Vik Arset

Kystverket Direktør Einar Vik Arset heldt eit gjevande og interessant foredrag om
Kystverket sitt arbeid og planar for framtida.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...