For Guttorm Osnes har mykje av livet handla om teikning.
Han har kjære minne om teikning med bestefaren, Petter Ludvig, var så flink til å teikne hestar. Guttorm sjølv streva med å få til hovane. Han hadde ikkje tolmod, likte best strekteikningane, og ikkje minst likte han merksemda teikninga førte med seg.
Teikninga har gitt meg mange store opplevingar, seier Guttorm. På barneskulen teikna han seg gjennom dei fleste timane. Han byrja å teikne for Vikebladet, og selde si første teikning til Teateret Vårt.
Det lokale førebiletet hans var Einar Magne Flø, som ga han følgjande råd: - Teikn alt du kan, men det er vanskeleg å leve av det. Dette vart også Guttorm si erfaring. Sjølv om oppdraga kom; fane for Ten-Sing, strekteikningar til 17.mai-avisa, teiknejobb i Vikebladet, og teikneoppdrag i militæret, var det på trykkeriet i Vikebladet han fekk fast jobb. Vegen gjekk så vidare til desken i Se og Hør, der han lærte å teikne lay-out på tynt papir, og brått hadde 15 år gått utan fri teikning.
Så ein dag fekk han teiknepapir i presang av systera Linn, og då han ramma inn nokre av teikningane, foreslo innehavaren av rammebutikken ei utstilling. Ballen tok til å rulle, og teikninga var igjen ein viktig del av livet hans.
I 2009 flytta Guttorm tilbake til Ulsteinvik, og fekk i oppdrag av Line Urke å teikne ei side til Regionavisa kvar veke. I tillegg tok han på seg oppdrag.
Paddene ved Kvivsvegen som hadde fått eigen tunnell vart foreviga samen med ei Citroën-padde, ei teikning som både Statens Vegvesen og Norsk Citroën-klubb ønskte seg. Han teikna Odd Nordstoga og «grisen står og hyler», og Vamp på utekonsert på Flø, alt medan han jobba med deskarbeid i Regionavisa.
Den store endringa i livet kom då Guttorm kom inn på Florence Academy of Art i Göteborg, der kun 27 elevar fekk praktisk opplæring i klassisk malekunst. Det første året handla utelukkande om blyantteikning, der ein kunne bruke 100 timar på å kopiere teikningar av gipsfigurar. Her trudde Guttorm at han hadde ein fordel sidan han hadde teikna så mykje før, men opplevde at han måtte lære alt på nytt. Neste år teikna dei med kolstift på mjukt papir, og først tredje fekk dei prøve seg med penslar og oljemaling. Dette året valte Guttorm å ta ved avdelinga i Firenze, og her vart han kunstnar med diplom.
Han syntest det var trist at dei tre åra på kunstskulen tok slutt, men malarkunsten vil han aldri legge vekk, og han lever no av biletkunsten.
Rundt 20 bilete sel han kvart år, både portrett, landskap og stilleben, og har no eit mål om å samle alle dei 25 norske som har gått på Florence Academy til fellesutstillinga «Norske Firenzekunstnarar».
Ein kort diskusjon kring det evige spørsmålet «Kva er god kunst» avslutta Guttorm si vitjing i Ulstein Rotaryklubb, og også her har Guttorm gode refleksjonar. «Det store spørsmålet er kva slags kunstnar du ønskjer å vere. Eg har valt å gå inn i ein skule der ein lærer å male på same måten ein lærte å male på tidleg på 1900 talet. Eg meiner at klassisk malekunst er på veg tilbake.»
Ulstein Rotaryklubb takkar Guttorm Osnes for ein spanande og lærerik kveld, og ønskjer han til lykke med planlegginga av utstillinga «Norske Firenzekunstnarar».
29. september 2023
Ulstein Rotary møttest i naustparadiset til familien Longva i Kjelsvika. I fremste rekke sosialt samvær med god mat i flotte omgjevnader, med ymse reserverte innslag frå medlemmar.
24. september 2023
Medlemmer fra Ulstein Rotaryklubb deltok i årets distriktskonferanse som ble holdt på Charlottenberg i Sverige 22-24 september. I år var det Distriktsguvernør Anders Andersson og hans klubb Eda-Eidsskog Rotaryklubb som holdt arrangementet.
18. september 2023
Kunstig intelligens AI foredrag med Peder Smart Sefland. Intercity Møte med Herøy Rotaryklubb på Quality Hotel Ulstein.
15. september 2023
Hege Charlotte Longva heldt eit særs interessant medlemspresentasjon som omfatta både familiebakgrunn, utdanningsløp, fritidsinteresser og si satsing på appen NOA. Presidenten avslutta møtet med å gi en skremande forsmak på kva AI-teknologi kan gjere.
7. september 2023
Rotarymedlemmer fra Hareid, Ulstein og Fosnavåg i felles møte med Distriktsguvernør Anders Anderson. Prseidentene holdt presentasjon i fra sine respektive Rotaryklubber
28. august 2023
I dag fikk vi en spanande omvisning i Ulstein Kyrkje, der vi kraup inn i dei innerste kriker og kroker
21. august 2023
Da sparker vi gang med ny sesong, med ny President - Stig Ole Borgundvåg
26. juni 2023
Vår nye President Stig Ole Borgundvåg tok over stafettpinnen etter Arnfinn Godø. Vi fikk samtidig en omvisning og presentasjon av den fantastiske nye turistmagneten Runde Panorama. Kvelden blei avslutta med en nydelig fiskegryte.
19. juni 2023
Magnar Hatløy informerte om ei imponerande bedrift i hjartet av Ulsteinvik