For Guttorm Osnes har mykje av livet handla om teikning.
Han har kjære minne om teikning med bestefaren, Petter Ludvig, var så flink til å teikne hestar. Guttorm sjølv streva med å få til hovane. Han hadde ikkje tolmod, likte best strekteikningane, og ikkje minst likte han merksemda teikninga førte med seg.
Teikninga har gitt meg mange store opplevingar, seier Guttorm. På barneskulen teikna han seg gjennom dei fleste timane. Han byrja å teikne for Vikebladet, og selde si første teikning til Teateret Vårt.
Det lokale førebiletet hans var Einar Magne Flø, som ga han følgjande råd: - Teikn alt du kan, men det er vanskeleg å leve av det. Dette vart også Guttorm si erfaring. Sjølv om oppdraga kom; fane for Ten-Sing, strekteikningar til 17.mai-avisa, teiknejobb i Vikebladet, og teikneoppdrag i militæret, var det på trykkeriet i Vikebladet han fekk fast jobb. Vegen gjekk så vidare til desken i Se og Hør, der han lærte å teikne lay-out på tynt papir, og brått hadde 15 år gått utan fri teikning.
Så ein dag fekk han teiknepapir i presang av systera Linn, og då han ramma inn nokre av teikningane, foreslo innehavaren av rammebutikken ei utstilling. Ballen tok til å rulle, og teikninga var igjen ein viktig del av livet hans.
I 2009 flytta Guttorm tilbake til Ulsteinvik, og fekk i oppdrag av Line Urke å teikne ei side til Regionavisa kvar veke. I tillegg tok han på seg oppdrag.
Paddene ved Kvivsvegen som hadde fått eigen tunnell vart foreviga samen med ei Citroën-padde, ei teikning som både Statens Vegvesen og Norsk Citroën-klubb ønskte seg. Han teikna Odd Nordstoga og «grisen står og hyler», og Vamp på utekonsert på Flø, alt medan han jobba med deskarbeid i Regionavisa.
Den store endringa i livet kom då Guttorm kom inn på Florence Academy of Art i Göteborg, der kun 27 elevar fekk praktisk opplæring i klassisk malekunst. Det første året handla utelukkande om blyantteikning, der ein kunne bruke 100 timar på å kopiere teikningar av gipsfigurar. Her trudde Guttorm at han hadde ein fordel sidan han hadde teikna så mykje før, men opplevde at han måtte lære alt på nytt. Neste år teikna dei med kolstift på mjukt papir, og først tredje fekk dei prøve seg med penslar og oljemaling. Dette året valte Guttorm å ta ved avdelinga i Firenze, og her vart han kunstnar med diplom.
Han syntest det var trist at dei tre åra på kunstskulen tok slutt, men malarkunsten vil han aldri legge vekk, og han lever no av biletkunsten.
Rundt 20 bilete sel han kvart år, både portrett, landskap og stilleben, og har no eit mål om å samle alle dei 25 norske som har gått på Florence Academy til fellesutstillinga «Norske Firenzekunstnarar».
Ein kort diskusjon kring det evige spørsmålet «Kva er god kunst» avslutta Guttorm si vitjing i Ulstein Rotaryklubb, og også her har Guttorm gode refleksjonar. «Det store spørsmålet er kva slags kunstnar du ønskjer å vere. Eg har valt å gå inn i ein skule der ein lærer å male på same måten ein lærte å male på tidleg på 1900 talet. Eg meiner at klassisk malekunst er på veg tilbake.»
Ulstein Rotaryklubb takkar Guttorm Osnes for ein spanande og lærerik kveld, og ønskjer han til lykke med planlegginga av utstillinga «Norske Firenzekunstnarar».
24. oktober 2024
Vi treng din støtte for å beskytte framtidige generasjonar frå polio. Saman kan vi gjere ein stor forskjell.
21. oktober 2024
Kaffemøte med ymse orientering som er verdt å merke seg framover.
20. oktober 2024
Ulstein Rotaryklubb bidrog til strandrydding i Johanfjøra i Garsholhølen søndag 20. oktober!
14. oktober 2024
Planar for strandrydding og markering av Poliodagen, samt inspirerande foredrag om kosthald av Ann Charlotte Franke.
26. september 2024
Velkommen til Ulsteinvik 27-29 september 2024
Oppdatert program
16. september 2024
Måndag 16. september 2024 hadde Ulstein Rotaryklubb gleda av å besøke verftet Green Yard Kleven AS, der Sales Manager Karl Johan Barstad heldt eit engasjerande foredrag om verksemda og verftet si utvikling. Medlemmer fekk også ein omvising på det imponera
9. september 2024
Kveldens foredragshaldar, Sølvi Aarseth Mork. Sølvi er ein kjent og kjær medlem i klubben vår, og i kveld skulle ho dele si eiga historie med oss – ei historie som rommar både sterke familierøter, dramatiske hendingar, og ein rik karriere.
3. september 2024
Måndag 02.09.2024 var det arrangert av TUSSA Konsern og Tussa IKT for Ulstein Rotary ein vellukka kveld på Tussatunet i Ørsta, frå klokka 19.00 til 20.30.
26. august 2024
Under denne ukens møte i Ulstein Rotaryklubb fikk medlemmene en spennende presentasjon av Veøy-konsernet, ved konsernsjef Lars Elling Bjåstad. Med røtter fra de ærverdige Bjåstad Rutebiler på Hareid, kunne Bjåstad dele både selskapets stolte historie
19. august 2024
Ulstein Rotaryklubb avholdt sitt første medlemsmøte for året denne uken, og stemningen var som alltid preget av fellesskap og entusiasme for året som ligger foran oss.