Velferdsteknologi med Hildegunn Utgård (Åpent referat)

Hildegunn Utgård har det siste året vore prosjektleiar for velferdsteknologi i 7- stjerna (dei 7 kommunane: Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda). Ho er utdanna fysioterapeut og held også på med ei Master oppgåve innan helsefag.
Velferdsteknologi er ein fellesnemnar for tekniske installasjonar og løysningar som
Dei 7 kommunane er med i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet «Morgendagens omsorg». Programmet, som er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet skal bidra til at fleire kommunar tek i bruk velferdsteknologi. Per i dag er det 270 kommunar med i programmet. I Stortingsmelding 29 (2012-2013) om morgondagens omsorg vert det uttalt at velferdsteknologi skal vere ein integrert del av tenestetilbodet til omsorgssektoren innan 2020. Det er vidare eit overordna mål at kommunen sitt tilbod skal vere heilheitleg og tilpassa den enkelte brukaren sine behov for omsorg, tryggheit, mestring og kvalitet. Det er med andre ord brukaren som skal vere i sentrum.
For å sikre berekraftige tenester i framtida må ein ta i bruk teknologi. Fram mot 2050 vil 25% av befolkninga vere over 67 år, og det vil vere færre hender til å yte den hjelpa som trengt. Morgondagen vil ha ein ressurssterkt seniorgenerasjon, med høgare utdanning, inntekt, og større forventning til medverknad. Framtidas brukarar vil vere vande med å nytte teknologi, ha større innsikt i sine rettar og folk vil leve lenger med sjukdom. Samstundes vil pasientar verte utskrivne tidlegare frå sjukehus, slik at kommunen sine brukarar vil vere sjukare. Om ein skal klare å møte framtida sitt omsorgsbehov utan teknologi må 1/3 av innbyggarane utdanne seg til helsearbeidarar.
Velferdsteknologi kan mellom anna vere digitalt tilsyn, medisin dispenserar/ robot som seie at no må du ta medisin, elektroniske låsar, GPS, kunstige gjerder, digitale huskelister med meir. Fordelen ved å nytte digitalt tilsyn er at ein kan sleppe å bemanne opp med personale om natta, og prioritere hjelpa dit den trengst. Digitalt tilsyn vil og førebyggje skader og alvorlege hendingar. Dersom ein person til dømes har lett for å ramle ut av senga, kan ein stille inn det digitale tilsynet slik at ein får eit varsel om at vedkomande har sett seg opp i senga. I Ulstein kommune har ein per i dag 10 digitale tilsyn. På sjukeheimen har ein gjort klåre alle rom for digitale tilsyn. Utgård fortalde at ein ikkje nyttar ikkje GPS i noko særleg utstrekning i dag. Kommunane kan ikkje nytte velferdsteknologi utan vidare, då regelverket set enkelte skrankar. Inngripande tiltak som til dømes digitalt tilsyn kan bli vurdert som tvangsvedtak om den enkelte ikkje samtykker/ ikkje er samtykkekompetent.
Utgård understreka at velferdsteknologi ikkje skal erstatte tenester, men vere eit supplement. Velferdsteknologi er kostbart, og noko må den enkelte brukaren koste sjølv. Dette gjeld til dømes tryggleiksalarm. Dersom velferdsteknologien er nødvendig for å gje forsvarleg helsehjelp, er det kommunen som skal dekke kostnaden.
Det som vert fokus for det interkommunale prosjektet framover er å kome i hamn med dei teknologi løysingane som vert tilrådd i det nasjonale programmet som skal gå i eitt år til. For å klare det må ein i følgje Utgård vere tett på heile tida.
Sekretær Hestnes takka Utgård for eit spanande foredrag og overrekte eit sett med osteknivar i gåve.
I høve kveldens foredrag om Velferdteknologi viser Margot eksempel på dette :)


22. oktober 2020
END POLIO NOW! - Gi ditt bidrag 24 oktober
Ulstein Rotaryklubb markerer verdas poliodag 24.10. på Amfi Ulsteinvik.
Gir du et bidrag på 100 kroner så trippler Bill Gates Foundation ditt bidrag til 300kr!
Gi ditt bidrag på VIPPS-nummer : 562340
19. oktober 2020
Arctic Nutrition
I dag var Ulstein Rotary på bedriftsbesøk hos bioteknologiselskapet Arctic Nutrition i Hovdebygda.
16. oktober 2020
Skalldyrfest
Årets skalldyrfest ble arrangert på Snorrebuda Mat & Vinhus, en veldig kjekk kveld!
5. oktober 2020
Kyrkja i Ulstein - Eit ankerfeste i tida
Ulstein Rotaryklubb hadde i dag vitjing av Magne Grimstad og Asle Geir Johansen som heldt eit fantastisk foredrag over temaet og boka: Kyrkja i Ulstein - Eit ankerfeste i tida.
Sjå presentasjonen her!
3. oktober 2020
Grunning/beising av Bugardshuken
Ein flittig gjeng frå Ulstein Rotaryklubb hadde dugnad på Bugardshuken i strålande solskin!
28. september 2020
Presidentens time
President Lidun Hareide informerte om guvernørbesøket, opplegg for poliodagen 24.10., og innspel til levekårsutvalet m.m.
21. september 2020
Kjell Olav Kleppe - « SJØLVPRESENTASJON - EIT AKTIVT LIV»
Kjell Olav Kleppe heldt eit spennande og interessant føredrag. Han fortalde om oppvekst, utdanning, yrkeskarriere, interesser, og krydra det med historier
14. september 2020
Guvernørbesøk
Guvernørbesøket fann stad på Thon hotell i Fosnavåg. Hareid, Herøy og Ulstein Rotary hadde kvar sine møte med DG Roald Fiksdal.
7. september 2020
Stølsdrift på Hareidlandet
Rotarymedlem Stig S. Riise holdt en engasjert presentasjon om stølsdrifta på Hareidlandet tidlig på 1900-tallet.
Sjå presentasjonen her.
31. august 2020
TANGO Seaweed v/Annelise Chapman
«Mer enn fisk i havet – sunne og næringsrike matprodukt fra den blåe åkeren»